Skip to content
Du er her: Startsiden arrow Om Korpset
Om Korpset

Her finner du detaljert informasjon om Jølster Musikklag (JML)

Styret 2009-2010

 

Leder

Eli Marie Mølmesdal
eli.mari a online.no
tlf: 9057 6940

  
StyreTone Kvammen                   
 Sølvi Svidal
 Solveig Øvrebø                  
 Karl Saue
  
VaraKari Anne Grimelid Årset
 Marianne Lien Hestad

Regnskapsfører                              

Anne Turid Taklo 

  
Økonomi/sponsorkomite                   Karl Saue
 Are Mangersnes
 Svein Fjellkårstad
  
  
Pr-komiteLillian Barlund

Ørjan Smaadal
  
RevisorHugo Mølmesdal
 Morten Årset
  
Valgkomite 
 Marion Østenstad
  
Program/rekrutteringskomite       Arvid Anthun
 Are Mangersnes
  
NoteforvaltingSvein fjellkårstad

Kari Anne Grimelid Årset

 

Historie


Birger Nordberg tok arbeidet med å skipe eit musikklag på Vassenden i 1953. Korpset fekk namnet Eikås og Vassenden Musikklag. Norberg starta  med å få inn pengar hausten 1953, derfor opererer ein med skipingsår 1953. Første styret og lovene kom 7. Januar 1954. Nordberg tok kontakt med ein musikkhandlar han kjende i Trondheim og fekk ordna med instrument på avbetaling. Brukte instrument til 16 medlemmer vart kjøpt for kr. 6000,-. Til samanlikning kan vi nemne at ein god kornett i dag kostar ca. 14.000.- !

Oskar Schei frå Førde var første dirigent.  Birger Nordberg dirigerte korpset ei tid før Oddvar Myklebust tok over som dirigent, og Eivind Gjesdal var hans reserve dirigent. Gunnar Smaadal  tok til som dirigent i Jølster Musikklag i 1972, og dirigerte korpset fram til 2003, da Arvid Anthun ble tilsett som dirigent..

I 1970 vart det lovendringar og korpset bytte namn til Jølster Musikklag. Inntektskjelda til musikklaget var i starten dansefestar og basarar. På 70-talet kom gåve frå Jølster Sparebank, offentleg tilskot frå kommunen og løyving frå kulturfondet. Elles kom inntektene frå bingo og  tilskipingar.  På slutten av 80-talet vart det gjort ein del dugnadsarbeid (m.a. torvtekking av Øvrebø hytter).

På 90-talet har farsdags kakelotteriet vore ei fast inntektskjelde i tillegg til tilskot og sponsoravtale med Sparebanken Sogn og Fjordane. Ei av korpset sine viktigaste inntekstskjelder er likevel  medlemmane sin betydlege eigeninnsats (m.a. kontingent og eigenbetaling).  

Rekruteringa til korpset kom seg på midten av 80-talet, då fleire av dei eldste  medlemmene i skulemusikken byrja i musikklaget. Denne trenden har halde seg, men korpset lir framleis av at dei unge musikarane flyttar frå bygda og sluttar i korpset når dei er ferdig med vidarergåande skule. Det er likevel hyggeleg å merke seg at mange av dei utflytta medlemmene held fram å spele i andre korps rundt i landet, ofte korps i høgare divisjonar. Jølster Musikklag har i dag flest medlemmer frå Jølster og Førde, men både Gaular, Fjaler og Fjærland er representert på medlemslista.

På  80-talet vart nivået i korpset gradvis betre. Korpset starta å delta på NM kvalifisering på Fagernes (1988), og deltaking på NM i Bergen har vore årviss sidan 1990 bortsett frå 1992.

Vedtekter


Hovedinndelinga av nye vedtekter gjeld frå 1. januar 1995.
Revidert på årsmøte 13.06.05

§ 1 Organisasjon
§ 2 Mål
§ 3 Medlemskap
§ 4 Årsmøtet
§ 5 Styret
§ 6 Medlemsmøta
§ 7 Komitear
§ 8 Oppløysing
§ 9 Endringar i vedtektene

§ 1 ORGANISASJON
Jølster musikklag, stifta 1953, er tilslutta Norges Musikkorps Forbund Sogn og Fjordane.

§ 2 MÅL
Jølster musikklag skal:

2.1 MUSIKK
Vere eit brass korps. Ivareta og utvikle korpsmusikk gjennom opplæring, motiverande aktivitetar og god organisering. Musikklaget kan og drive ensemblespel og liknande når det er interesse for det.

2.2 SOSIAL AKTIVITET
Ivareta og utvikle korps- og organisasjonsarbeid som sosial aktivitet.

2.3 INFORMASJON
Informere ut om korpset, krinsen og NMF sine aktivitetar, og fremje forståelse for korpset sin kulturelle, sosiale og oppsedande tydnad.

2.4 MUSIKKPOLITIKK
Ivareta korpset sine interesser i det loka musikk- og kulturlivet. Følgje opp dei overordna musikkpolitiske retningslinjene krinsen og NMF trekkjer opp.

2.5 ARRANGEMENT
Gje musikarane, instruktørane, dirigenten og tillitsvalde tilbod om kurs. Arrangere og delta på konsertar, stemne/festivalar, konkurransar og andre arrangement.

2.6 UTVIKLINGSARBEID
Utvikle og betre musikkfagleg og organisasjonsfagleg opplæring i samarbeid med skuleverket, musikkskular, krinsen, NMF sentralt og andre organisasjonar. Ta initiativ til naudsynt organsisasjonsmessig utvikling og omstilling og samarbeid med andre korps og musikklivet elles.


§ 3 MEDLEMSKAP

3.1 OPPTAK AV MEDLEMAR
Utøvande og ikkje-utøvande medlemar kan verte tekne opp som medlemar av korpset.

3.2 ORGANISERING AV KORPSET
Korpset følgjer forbundet sine gjeldande aldersføresegner. Utøvande medlemar frå skulekorps kan være aspirantar frå 1. august det året han/ho fyller 15 år. Medlemsplikta i aspiranttida skal oppfyllast i høve til skulekorpset sine reglar. Medlemar kan takast opp frå 1. august det året han/ho fyller 16 år. Annen dispensasjon kan gjevast dersom særlege grunnar tilseier det. Born under 15 år må ha skriftleg samtykke av føresette for å verte medlem av korpset.

3.3 FØRESETNADANE FOR MEDLEMSKAP
a)    Korpset sine medlemar må rette seg etter korpset, krinsen og NMF sine vedtekter og lovlege vedtak.
b)   Musikantane skal møte på øvingane, konsertar og andre oppdrag til avtalt tid. Kan ein ikkje møte skal ein gje melding til dirigent/korpsleiar i god tid førut.
c)   Instrument, uniform og anna utstyr skal ein halde i god stand. Uvøren handsaming kan føre til økonomisk erstatningsansvar.
d)   Bruk av korpset sine eigendelar i andre musikkaktivitetar må godkjennast av styret.

3.4 KONTINGENT
a)   Korpsåret med medlemsregistrering, innrapportering til krins/forbund og kontingentinnbetaling følgjer skuleåret frå 1. august til 31. juli året etter.
b)   Medlemane er pliktige til å betale kontingent innan 15. desember kvart år, samt andre økonomiske medlemsplikter til fastsette tider.

3.5 UTMELDINGAR
Medlemar som ønskjer å melde seg ut må gje melding om dette til leiaren i korpset. Utmelding bør ikkje skje i korpsåret.

3.6 SUSPENSJON OG EKSKLUSJON
a)    Medlemar som ikkje rettar seg etter gjeldande vedtekter, reglar og vedtak, eller er til skade for korpset sine aktivitetar, kan korpsstyret suspendere for ein bestemt periode. I grove tilfeller kan årsmøtet vedta eksklusjon.
b)   Suspensjons- og eksklusjonsvedtak i korpset kan ankast inn for krinsstyret til endeleg avgjerd.


§ 4 ÅRSMØTE

4.1 STATUS
Årsmøtet er Jølster Musikklag sitt høgaste organ.

4.2 ÅRSMØTEPERIODE, INNKALLING OG SAKER TIL ÅRSMØTET
a)    Ordinert årsmøte skal haldast innan utgangen av september månad kvart år.
b)    Det kan kallast inn til ekstraordinert årsmøte dersom korpsstyret eller 1/3 av medlemane krev det.
c)    Innkalling skal sendast ut minimum fire veker før ordinert og to veker før ekstraordinert årsmøte.
d)    Styret si årsmelding og saker til handsaming på årsmøtet skal sendast ut seinast to veker før årsmøtet.
e)    Medlemane må fremje evt. saker gjennom styret. Slike saker må vere innkomne til styret innan to veker før årsmøtet.

4.3 REPRESENTASJON, RETTAR OG VOTERINGAR
a)    På årsmøtet deltek korpset sine medlemar, komitemedlemar og gjester invitert av styret.
b)    Følgjande har stemmerett:
-         utøvande og ikkje-utøvande medlemar som oppfyller sine medlemsplikter.
-         styret sine medlemar i alle saker utanom handsaming av årsmelding og rekneskap.
c)    Representantar frå krins og NMF har talerett. Årsmøtet kan vedta å gje talerett til kven dei møtte ønskje.
d)    Gyldige vedtak krev absolutt fleirtal (over halvparten av dei avgitte stemmene) dersom anna ikkje er bestemt i vedtektene.
e)    Årsmøtet er beslutningsdyktig når minst halvparten av medlemane er til stades.

4.4 ÅRSMØTETS DAGSORDEN
Årsmøtet skal handsame følgjende saker:
1.    Konstituering
       a)    Opning
       b)    Namnopprop
       c)    Godkjenning av innkalling
       d)    Godkjenning av saklista
       e)    Val av møteleiar
        f)    Val av skrivar
       g)    Val av to protokollunderskrivarar
2.    Godkjenning av årsmeldinga
3.    Godkjenning av avslutta og revidert rekneskap med evt. revisjonen sine merknadar.
4.    Saker fremma av korpsstyret.
5.    Saker fremma av korpsmedlemar.
6.    Plan, kontingent og budsjett.
7.    Val av leiar for eitt år.
8.    Val av fire styremedlemar på val for to år, og to varamedlemar for eitt år.
9.    Val av to revisorar for eitt år.
10.  Val av to medlemar til valkomiteen for eitt år.

Valgbar til verv er dei frammøtte representantane eller andre kandidatar som har sagt seg villig til å motta verv.
 

§ 5 STYRET

5.1 SAMANSETTING OG KONSTITUERING
Styret består av leiar og fire styremedlemar. I konstituerande styremøte fordelast ansvar for faglege og praktiske ansvarsområder til styre- og varamedlemar.

5.2 FULLMAKTER
a)    Styret leiar korpset etter dei vedtak årsmøtet har fatta.
b)    Styret har fullmakt til å nedsette dei utvalg og komitear dei finn behov for.
c)    Styret har fullmakt til å revidere og utforme dei reglar og instruksar det er behov for i tilknytning til desse vedtekter, og for å presisere og regulere korpset sitt ansvar og aktivitetar.

5.3 INNKALLING TIL STYREMØTER, VEDTAKSDYKTIG
a)    Styret vert innkalla når leiaren eller tre av styremedlemane finn det nødvendig.
b)    Styret er vedtaksdyktige når minst fire medlemar er tilstades. I ikkje fulltallige styremøter kan eit styremedlem forlange at saka eller sakene skal leggjast fram for fullt styre før gyldig vedtak kan gjerast.
c)    Styrevedtak skal protokollførast. Korpsmedlemane skal ha informasjon om dei vedtak som er gjort.

5.4 ÅRSAVSLUTNING
Styret skal utarbeide årsmelding og avslutte rekneskapet for kvar årsmøteperiode. Årsmelding og revidert rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet til godkjenning.

5.5 PERSONALANSVAR
Styret foretar engasjement, ansettingar og avskjedingar, og har fullmakt til å inngå lønns- og arbeidsavtalar.


§ 6 MEDLEMSMØTER
Medlemsmøta er forum for kontakt, informasjon og drøftingar for korpset sine medlemar. Det vert halde medlemsmøter når styret eller korpset sine medlemar føler behov for det.


§ 7 KOMITEAR

7.1 REVISJONEN
Revisjonene skal gjennomgå rekneskapet kvart år og leggja dette fram for årsmøtet.

7.2 VALKOMITEEN
Valkomiteen skal finne fram til valgbare kandidatar til dei ulike tillitsverv slik det står skrive i § 4.4, og legg komiteen si innstilling fram for årsmøtet.


§ 8 OPPLØYSING OG UTMELDING AV NMF

8.1
Oppløysing av korpset kan kun skje på to påfølgande årsmøte med minst ein månads mellomrom. Vedtaket krev 2/3 fleirtal i eit lovleg satt årsmøte.
8.2
I tilfelle oppløysing skal korpset sine midlar plasserast i bank på sperra, renteberande konto som vert disponert av kretsen, kulturstyret eller musikkskulen i kommunen inntil eit nytt korps er oppretta. Denne bestemmelsen gjeld ikkje ved samanslåing av korps.
8.3
Siste ordinære årsmøte kan bestemme at korpsets midlar og eigedom skal overførast til eit anna korps, musikkskulen eller til musikkformål i grunnskulen dersom eit nytt korps ikkje er reorganisert innan 10 år.
8.4
Ved utmelding av krets og forbund må det gjerast vedtak på to påfølgjande årsmøter med minst ein månads mellomrom. Gyldig vedtak krev 2/3 fleirtal.


§ 9 VEDTEKTSENDRINGAR

Årsmøtet kan endre desse vedtektene med 2/3 fleirtal.

IKRAFTTREDELSE
Desse vedtekter trer i kraft frå og med 01.01.1995



 

Sist oppdatert ( tirsdag 11. august 2009 )
 

Neste Konsert

Hovedsponsor

Advertisement