Skip to content
Du er her: Startsiden
Vårkonsert på Jølster med dansefot-garanti !

 De veit vel at bogen var den første dirigentstokken?  De må spele opp! Ikkje ned. Då går dansarane heim.
Slik har Sigmund Eikås prøvd å lære Jølster musikklag å spele slåttar. Komande laurdag 1. Mai står han på scena saman med oss. Vi torer å love at vi har skjønt korleis vi skal spele opp! 
På reportoaret har vi også Michael Jackson og på gjestelista står mellom fleire andre vår eiga Grand Prix-junior stjerne Johanna Knudsen.  Vi har smittsam speleglede og gjer deg pengane tilbake om det ikkje rykker i dansefoten i løpet av denne konserten!

 
Tolv år gamle Johanna Knudsen frå Vassenden skal delta i Melodi Grand Prix jr. i Oslo spektrum  til hausten. På laurdag får publikum høyre songen ”Følg din drøm”, som er plukka ut som ein av ti finalistar mellom 400 deltakarar.  Elevar frå Jølster Kulturskule har fleire innslag i konserten, mellom anna som solistar saman med musikklaget i fengande Michael Jackson-låtar.  Erotic Cakes er ikkje ein del av kake-bordet, men ein trio frå Firda vidaregåande skule som  spelar melodiøs rock. Gode kaker blir det likevel, som alltid på våre konsertar.

–Sjå på meg, denne gongen. Ikkje sjå på han! Sigmund Eikås smilte skrått til Arvid Anthun, dirigenten vår, og oppmoda oss om å fylgje bogen då vi spelte inn CD-plate saman førre helg. Til slutt fann vi takta, fela fekk rett temperatur og huldra i Grovanipa svinga seg mellom stolane våre.
På laurdag vil ho danse med deg !

Sist oppdatert ( mandag 03. mai 2010 )
 
< Forrige   Neste >

Arvid Anthun

anthun_luft.jpg

Neste Konsert

Siste innlegg Gjestebok

otto
Mandag den 14. juni 2010 får eg storfint besøk av Heinrich Thein. Sjefen på Thein Fine Brassinstrument frå Bremen i Remb

Hovedsponsor

Advertisement

Sponsorer

Advertisement
Advertisement
Advertisement
Advertisement
Advertisement
Advertisement
Advertisement
Advertisement

Besøkende

mod_vvisit_counterAntall besøk:155762

W3C Markup

Valid XHTML 1.0 Transitional